Nablarevyens årsmøte

Den 11. april 2024 arrangerast Nablarevyens årsmøte 2024. Her skal det blant anna veljast inn eit nytt revystyre, så møt opp og støtt kandidatane som stiller! Årsmøtet er opent for alle. Alle som har vore medlem av Nablarevyen ein gong dei siste tre åra har stemmerett. I tillegg har alle som stiller til éi eller fleire styrestillingar stemmerett.

Underhaldning og alkohol på årsmøtet

Under årsmøtet vil vi ha morosame konkurransar, der vinnarane vil bli premierte. Konkurransane vil bli presentert på starten av møtet. 

Det vil også verte servert kake i pausene. Her vil vi prøve å tilrettelegge for diverse allergiar. 

I tillegg til dette har vi også fått innvilga skjenkebevilling til arrangementet. Dette betyr at det er lov til å ta med seg alkoholhaldig drikke, så lenge det er under 22%. 

Etter møtet er heva er det hyggeleg om folk vil vere igjen i R1 for å feire det nyinnvalgte styret:)

 

Stille til Nablarevystyret 2025? 

Kandidatur sendast inn til revy@nabla.ntnu.no. E-posten skal innehalde namn, klasse og stillinga(ne) du kan tenke deg. Om du ønsker å nominere nokon kan du gjere det her.  Du kan stille til val sjølv om du ikkje er medlem av revyen.

Stillingsbeskrivingar finn du her. Dersom du har spørsmål om korleis det er å sitte i styret eller spørsmål knytta til ei av stillingane, kan du ta kontakt med noverande styremedlemmer.

Det er mogleg å sende inn kandidatur heilt fram til valet vert halde 11. april. Det vil jamleg oppdaterast på nabla.no kven som stiller til val.

 

Revydaljer og pins 

På slutten av årsmøtet vert det utdeling av pins og daljer.  Alle som har vore medlem i eitt år kan få éin gratis revypin. Dei som har vore medlem i to år kan få kjøpe éin toårsdalje. 

Det vil også verte utdeling av årets revyplakatar til dei som har vore medlem av Nablarevyen i år.

 

Stemmerett

Ifølge §6 i vedtektene har alle som har betalt medlemskontingent minst ein gong dei siste tre åra stemmerett. I tillegg har alle som stiller til éi eller fleire styrestillingar stemmerett. Styret har stemmerett i alle saker som ikkje angår rekneskap og årsmelding. 

 

Sakspapir

 

Dersom det elles skulle vere spørsmål i forbindelse med Nablarevyens årsmøte, innkallinga eller andre ting, ikkje nøl med å ta kontakt med enten meg eller nokon andre i styret.

 

Kandidatar til revystyret 2025:

  • Revysjef
    • Vincent Durteste (kull23)
  • Økonomisjef
    •  
  • Inspisient
    • Marianne Haugvaldstad (kull23)
  • Regissør
    • Emilio Lombardo (kull22)
  • Manusansvarlig
    • Simon Wego (kull21)
  • Kapellmester
    • Rune Skeie (kull23)
    • Vincent Durteste (kull23)
  • Koreograf
    •  
  • Scenesjef
    • Andrea Louise Ommang (kull23)
  • Kosesjef
    • Håvard Weld (kull23)
  • PR-sjef
    • André Gjestemoen-Von Hirsch (kull23)

 

Håpar vi sjåast på årsmøtet!

 

Kommentarer


Logg inn for å skrive en kommentar

Informasjon

Starter
Sted R1

Meta