Sommerjobb som studentassistent 25.-30 juli 2022

Ledige stillinger for studenter ved institutt for fysikk, sommerjobb som studentassistent 25.-30 juli 2022

Utlysning på vegne av professor Jens Oluf Andersen: 

 

I tidsrommet 27/7-29/7 2022 organiserer NTNU i samarbeid med UiS ein internasjonal
workshop (XQCD22) innafor QCD ved ekstreme temperaturar og tettheiter. Gruppa ved
NTNU som driv forskning innafor dette feltet er veldig sterk og har difor fått tilslag på den
18. utgava av dette arrangementet.
Vi treng 2 studentassistentar til å hjelpe oss i uka før og dei dagane konferansen varer.
Det er forefallande arbeid med registrering av deltakarar, teknisk hjelp etc. Ein må vere til
stades på NTNU i tidsrommet 25/7-30/7.
Du får løn for 100 timar og kan leggje dette til CVen din. NTNU er formell arbeidsgjevar.
Du får og sjansen til å høyre på toppforskarar i høgenergifysikk. Du bør difor ha interesse
for dette forskningsfeltet.
Meir informasjon: jensoa@ntnu.no eller ein personleg prat på E3-137 i Realfagsbygget.
Sjå https://www.ntnu.edu/physics/xqcd for meir informasjon om konferansen.

 

Kommentarer


Logg inn for å skrive en kommentar

Informasjon

Meta