Nyutdannet

LAGARBEID For å bygge noko unikt treng vi toppkvalifiserte medarbeidarar med variert yrkesbakgrunn.

Unike prosjekt krev høg kompetanse, mange ulike innfallsvinklar og entusiasme.

 

I Statsbygg ser vi alt frå museum, fengsel og ambassadar til avanserte forskingsinstitusjonar og heile regjeringskvartal bli reiste. Vi forvaltar kulturarv, driftar toppmoderne eigedommar og gir staten råd i viktige byggesaker med store nedslagsfelt.

 

Til det treng vi ei lang rekke toppkvalifiserte medarbeidarar med variert yrkesbakgrunn: Arkitektar, økonomar, ingeniørar, IT-ekspertar, HR-rådgivarar, juristar og byplanleggarar. Saman bygger vi det ingen har bygd før!

 

DRIFT Mange av våre medarbeidarar jobbar på dei mange eigedommane vi forvaltar og driftar.

Rundt halvparten av dei 850 medarbeidarane våre jobbar lokalt på eigedommane vi driftar og forvaltar. Resten held til på hovudkontoret i Oslo, eller lokalkontora i Porsgrunn, Bergen, Trondheim eller Tromsø.

 

Det er viktig for oss at du får utvikle deg som medarbeidar i Statsbygg. Derfor har vi vårt eige utviklingsprogram, Statsbygg kompetanse. Vi tilbyr kurs, etterutdanning og leiarutvikling, slik at du alltid er oppdatert på det som skjer innan fagfeltet ditt.

Kommentarer


Logg inn for å skrive en kommentar

Informasjon

Meta