Ved Matematisk institutt er det ledig ei stilling som stipendiat i anvend matematikk frå 1. september 2017. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år, knytt til NFR prosjektet “Flow Based Interpretation of Dynamic Contrast Enhanced Imaging”.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver: Prosjektet er tverrfagleg i skjeringspunktet mellom utrekningsmatematikk, bildebehandling, medisin og teknologi. Kandidaten vil jobbe med modellering av væskeflyt i organ som hjerne eller nyre, dataassimilering for modellen og validering mot medisinske bildeopptak (MRI/CT).
Kvalifikasjonar og eigenskapar: - Søkjarar må ha oppnådd mastergrad i anvend matematikk, informatikk, fysikk eller tilsvarande. - Masterstudentar kan søkje dersom dei skal fullføre sin avsluttande mastereksamen innan 31. juli 2017. Mastergraden må vere oppnådd før ein kan tiltre stillinga. - Kandidatar må tilfredstille krava til opptak til ph.d. programmet ved Universitetet i Bergen. - Kandidaten må ha ein sterk bakgrunn i matematikk, erfaring med numeriske metodar og programmering (Matlab, Python, C++); erfaring med matematisk modellering (helst kontinuumsmekanikk, fluidmekanikk eller tilsvarande). - Arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner. - Nytte engelsk skriftleg og munnleg
Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.-studiet ved Universitetet i Bergen.
Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjend av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga.
Vi kan tilby: - eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø. - løn etter lønssteg 50 (kode 1017 /LR20, alternativ 8) i det statlege lønnsregulativet. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. - medlemskap i Statens pensjonskasse. -stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd). -gode velferdsordningar.
Logg inn for å skrive en kommentar