Fakta|TEP4112
---|---
 Navn | Turbulente strømninger
 Obligatorisk for | Ingen
 semester | Vår
 Eksamen | Skriftleg eksamen (100%)
 Øvinger | Ikkje-obligatoriske
 Nettside | http://www.ntnu.no/studier/emner/TEP4112#tab=omEmnet
 Lab | Nei



Emnet tek mellom anna for seg kva som kjenneteiknar turbulente strømningar, ulike klassiske metodar for å modellerera turbulens og turbulent grensesjiktsflyt og den kjende [k-?-modellen](http://en.wikipedia.org/wiki/K-epsilon_turbulence_model). Siste del av pensum tek kort for seg statistisk skildring av turbulens og moderne metodar for å løysa turbulente flytproblem i form av [Large Eddy Simulation (LES)](http://en.wikipedia.org/wiki/Large_eddy_simulation) og [Direct Numerical Simulation (DNS)](http://en.wikipedia.org/wiki/Direct_numerical_simulation).

Det bør merkast at dette ikkje er ei innføring i bruk av numeriske verkty for turbulensmodellering, det vert ikkje brukt numerikk her. Likevel vil faget vera nyttig for dei som ønskjer å arbeida med numeriske strømningsberekningar då ein får innsikt i grunnlaget for turbulensmodellane som er implementerte i moderne programvare. Såleis kan dette vera eit aktuelt ingeniøremne for fysmattarar.

Navier-Stokes-likningane er mykje brukt og det er anbefalt å ha god kjennskap til desse, til dømes frå [[TEP4156 Viskøse strømninger og grensesjikt]], men elles er det ikkje naudsynt med forkunnskapar utover det ein lærte i [[TEP4105 Fluidmekanikk]]. Kurset er likevel lagt opp til at det ikkje er naudsynt å ha tatt TEP4156.